Fjell skremmer, fjell lokkar
Historia om reiseliv i Gudbrandsdalsfjella
Reiseliv til ulike tider og i ulike former var emne for Gudbrandsdalsseminaret i 2020. Fylket vi bur i blir rekna for det fremste reiselivsfylket i landet. Fjella våre har skremmt, og dei har lokka, og dei freistar med ekstreme utfordringar i Rondane, Dovrefjell og Jotunheimen.
Fromme og botferdige pilegrimar drog over Dovre i mellomalderen, i dag går ein ny generasjon den same vegen. Setrene var mottak for dei første fjellturistane. Brystsvake fann likesinna på sanatoria. Somme stader, bl.a. på Høvringen og på Gålå, utvikla setergrendene seg til turistdestinasjonar. Innover viddene spring hyttefelta opp til fritidsglede for mange, til inntekt for andre, og til bekymring under omsynet til den ville natur. Til fritidslivet høyrer også oppfatningar om fjellets arkitektur.
Dette er problemstillingar som blei sentrale for Gudbrandsdalsseminaret 2020.














Bilder fra seminaret
(Alle foto: Nadejda Koriakina)



